Episodes

  • Demokrati på tilbaketog – hva kan skolen gjøre?
    Jun 19 2024

    Demokratiet står overfor store utfordringer både globalt og i våre egne samfunn. Skolen spiller en viktig rolle i å forme fremtidige borgere som forstår verdien av demokrati og er rustet til å møte disse utfordringene.

    I denne spesialepisoden av Colletts kafé møter du:

    • Nils H. Korsvoll, førsteamanuensis ved Institutt for religion, filosofi og historie. Leder for Udforsk: Senter for utdanningsforskning.
    • Kristin Endresen-Maharaj, førsteamanuensis i pedagogikk. Arbeider med demokratiopplæring og kritisk tenking i lærarutdanninga.
    • Georg Kristoffer Berg Fjalsett, historiedidaktiker tilsett ved Stiftelsen Arkivet. Skriver for tiden en doktorgrad ved UiA om demokratilæring og skolekultur.

    Show More Show Less
    28 mins
  • Filosofi og forsking
    Mar 21 2023

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle dei to filosofane Hilde Vinje og Camilla Flodin. Begge er førsteamanuensis i filosofi ved Institutt for religion, filosofi og historie ved UiA. Kva er filosofi? Kva gjer filosofar når dei driv forsking? Kva verdi har filosofihistoria i vår tid? I samtalen snakkar dei også om lykke, natur og kunst – og om andre grunnleggjande menneskelege spørsmål.

    Show More Show Less
    35 mins
  • Spesialpedagogikk, digitale teknologiar og skulen
    Feb 3 2023

    I denne episoden snakkar podkast-vert Gunhild Kvåle med to forskarar i spesialpedagogikk: doktorgradsstipendiat Marianne Engen Matre og professor Lans (David Lansing) Cameron. Begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk ved UiA, og tilknytte det nasjonale forskingssenteret for spesialpedagogisk forsking og inkludering, SpedAims. Kva gjer spesialpedagogikk-forskarar når dei forskar? Kva slags utfordringar og moglegheiter gir digitale teknologiar for spesialpedagogisk arbeid? Og kva gjorde doktorgradsstipendiat Marianne då covid-nedstenginga kom midt i datainnsamlinga hennar? Dette – og enda meir – kan du lære meir om i denne episoden.

    Show More Show Less
    34 mins
  • Å forske på skuleutvikling: School-in
    May 19 2022

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Jorunn Midtsundstad og førsteamanuensis Inger Marie Dalahefte, som begge er tilsette ved Institutt for pedagogikk. Dei har saman med kollegaer på UiA og fleire kommunar på Agder gjennomført eit stort NFR-finansiert prosjekt om utvikling av skulens inkluderande fellesskap, kalla «School-in». Kvifor verkar dei same tiltaka ulikt i ulike skuler? Kva roller spelar lokalmiljøet for skulen som fellesskap? Og korleis kan forskarar og praksisfeltet arbeide saman om forsking på skuleutvikling?

    Show More Show Less
    33 mins
  • Oversetting som forskingsfelt
    Apr 20 2022

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle professor Sandra L. Halverson og doktorgradsstipendiat Erlend Wichne til ein samtale om det å forske på omsetjingar. Kva gjer forskarar når dei forskar på omsetjingar? Kva roller speler omsetjingar og gjendiktingar i samfunnsutviklinga? Og kva rolle har UiAs i forskingsfeltet, som einaste lærestad i Noreg som tilbyr utdanning i oversetting på masternivå?

    Show More Show Less
    31 mins
  • Estetiske artikulasjonar av andre verdskrig i Noreg
    Mar 11 2022

    I denne episoden møter podkast-vert Gunhild Kvåle litteraturprofessor Unni Langås og førsteamanuensis i medievitskap Siri Hempel Lindøe. Langås er prosjektleiar for eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt som nyleg har fått innvilga støtte frå Noregs forskingsråd. I prosjektet skal dei undersøke korleis andre verdskrig i Noreg blir framstilt i m.a. litteratur, film, teater, utstillingar og TV-produksjonar. Kva rolle har kunstnariske framstillingar for vår tids forståing av krigen? Korleis blir verdskrigen fortald no som dei som sjølve opplevde krigen, er borte? Korleis har andre verdskrig blitt fortald i tiåra etter krigen, og kva slags forteljingar blir produserte i dag?

    Show More Show Less
    29 mins
  • Arven etter 1968
    Dec 21 2021

    I denne episoden møter programleiar og prodekan Gunhild Kvåle historikarane Knut Dørum og Øyvind Tønnesson. Dei har saman med kollega Ralph H. Vaags vore redaktørar for eit bokprosjekt - Arven etter 1968 - som kom ut hausten 2021. Når skjedde eigentleg 68-opprøret, og kor og korleis skjedde det? Kva slags raude, grøne og blå spor sette 1968 for ettertida, og korleis ser vi arven fra '68 i dag?

    Show More Show Less
    40 mins
  • Å forske på dødehavsrullane
    Dec 21 2021

    I denne episoden snakkar programleiar og prodekan Gunhild Kvåle med professor Årstein Justnes og ph.d.-stipendiat Ingrid Breilid Gimse, som held på med eit stort forskingsprosjekt om dødehavsrullane - The Lying Pen of Scribes. Kva gjer forskarar når dei forskar på dødehavsrullane? Kvifor finst det så mange forfalskingar, og kva rolle har forskarar i dette? Og kvifor er dødehavsrull-forskarar så opptekne av geiter?

    Show More Show Less
    37 mins